Manuellterapeutar har brei generell fysioterapikompetanse frå grunnutdanninga i fysioterapi. I tillegg har manuellterapeutar ekstra kliniske ferdigheiter i manuelle undersøking- og behandlingsmetodar.
Døme på dette er manipulering av ledd, eller «knekking» som enkelte kallar denne behandlingsforma. Det vil også i mange tilfelle vere aktuelt med eit tilpassa treningsprogram, og saman lagar vi eit opplegg som kan fungere for deg.
Manuellterapeutar har utvida rettigheiter, og kan sjukmelde pasientar med muskelskjelettplager/-sjukdomar i inntil 12 veker. Ein kan også tilvise til MR, røntgen, CT og tilvise vidare til spesialisthelsetenesta, som til dømes nevrologar, ortopedar eller anna spesialisert helsepersonell.
Bestill time online, eller send meg ein SMS eller e-post om det er noko du lurer på.
Eg har kompetansen til å hjelpe deg til ein betre kvardag! Eg held til i Helsehuset i Førde. Dette er i same bygget til Spenst treningssenter.