LØPSANALYSE

Er du glad i å jogge, men du har smerter enten i hofter, kne eller anklar? Då kan ei løpsanalyse vere noko for deg. Du fortel om kva treningsbakgrunn du har, og kva du ynskjer å oppnå.

Etter samtalen, tar eg ei klinisk undersøking. Samtale og klinisk undersøking tar ca. 60 minuttar. I etterkant av dette, vil det truleg vere grunnlag for eit treningsprogram som rettar seg mot årsaka til plagene dine.

Av og til kan det også vere nyttig å supplere den kliniske undersøkinga med ein løpsanalyse.

Dette blir i så fall gjort på neste konsultasjon. Då filmar eg deg både på tredemølle og utandørs. I etterkant analyserer eg videoane, og ser om det er enkelte ting du kan endre på som kan medføre til mindre smerter ved jogging.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler.