SVIMMELHEIT

Svimmelheit kan skuldast ei rekke ulike tilstandar og sjukdomar. Svimmelheit kan vere svært komplisert, og undervising om svimmelheit på grunnutdanning kan i mange tilfelle vere kortfatta. Eg har vidareutdanning i undersøking og behandling av akutt, episodisk og kronisk svimmelheit frå Høgskulen på Vestlandet.

Ulike diagnosar innanfor svimmelheit kan til dømes vere krystallsjuka (BPPV), virus på balansenerva (vestibularisbevritt), Ménières sjukdom, Labyrintitt, Buegangsdehiscens, funksjonell svimmelheit (PPPS) og vestibulær migrene.

Spesielt krystallsjuka er noko som mange har høyrt om, og kvart år får ca. 75 000 nordmenn denne diagnosen.

Prognose på behandling av akutt krystallsjuke er meget god i dei fleste tilfelle. Eg undersøker og behandlar krystallsjuke med videobriller for korrekt diagnostisering og effektiv behandling. Det er heilt vesentleg å diagnostisere riktig bogegang med videobriller for å kunne bli raskast mogleg bra ved behandling.

Dersom du har meir langvarig svimmelheit, vil du kunne ha nytte av eit tilpassa opplegg, på fagspråket blir dette kalla vestibulær rehabilitering.

Eg vil også takke kommunalt næringsfond for Sunnfjord, som har bidratt til delfinansiering av videobriller.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle