FYSISK AKTIVITET SOM MEDISIN

Fysisk aktivitet kan brukast som førebygging og behandling av blant anna kreft, hjarte- og karsjukdomar, hjerneslag, diabetes type 2, psykisk liding, leversjukdom, demens, osteoporose, skrøpeligheit med fallskader og andre relaterte plager og muskel- og skjelettsjukdomar.

Fysisk aktivitet

For enkelte kan det vere vanskeleg å kome i gang med trening på eiga hand, og enkelte treng litt hjelp med dette.

Eg har difor eit tilbod til deg som vil nytte fysisk aktivitet for å få ein helsegevinst.

Målgruppe: Pasientar som vil ha nytte av å auke sitt fysiske aktivitetsnivå.

Korleis: Etter førstegongskonsultasjon, lagar eg til eit individuelt tilpassa treningsprogram for deg. Treninga vil bestå av styrketrening og/eller kondisjonstrening på Spenst. Det vil vere fast treningstidspunkt på måndagar kl. 10.00 til 11.00 og onsdagar 11.00 til 12.00. På denne treningsøkta vil det vere maksimalt 10 pasientar som føl kvar sitt individuelle treningsprogram. Du vil også bli oppmoda og motivert til å forsøke å auke ditt vekentlege aktivitetsnivå slik at ein kan nå helsedirektoratet sine anbefalingar inn mot fysisk aktivitet.

Varigheit: Du kan vere med i denne treningsgruppa opp mot 3 månadar. Forhåpentlegvis har du lært deg/etablert nye treningsvanar som du kan ta med seg vidare på eiga hand.

Pris: 109 kr per gruppetrening som blir registrert inn mot Helfo og eventuelt frikort.

Korleis kan pasient bli med på treninga: Klikk på «bestill time». I rullegardinslista hakar du av på «fysisk aktivitet som medisin».

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle cookies